Materiell til Havfront sin jubileumsfest

Havfront

Havfront blei etablert av Marius Strømmen og Oddbjørn Gudmundsen i 2013, og feirar difor i år 10-årsjubileum. Firmaet starta opp med og står bak verdens minste sløye- og kappemaskin, Loppa100 for båtar frå 9 til 100 meter. Sidan den gong har også Loppa200 for landanlegg og fullautomatiske Folla blitt til.

havfront sin logo med gullglitter over

I august arrangerte Havfront jubileumsfest, og ønskte i den anledning hjelp til å utforme materiell til festen. Vi har difor utforma bannerar og rollup til lokalet, pause/kvilebilde til skjermen, samt ein PowerPoint-presentasjon som syner Havfront si tidslinje med overgongsanimasjonar som blei synt under festen.

Takk til Havfront for hyggelig oppdrag! Vi ønsker Havfront lukke til med reisa vidare, og ser fram til fleire fantastiske samarbeid 🙂

middagssalen med havfront sin logo på stor skjerm i lokalet
to rollups levert for havfront
mockup av 4 bilder fra presentasjonen til havfront
Gå til toppen