Ny logo og nettside for Vartdal Gjenvinning

Vartdal Gjenvinning

Vartdal Gjenvinning er eit selskap som driv med kjøp, bearbeiding og sal av metall. Vartdal Gjenvinning har avdeling på Vartdal, Ålesund, Florø, Orkdal og Kristiansund, og har på desse avdelingane mottak for kjøretøy, metall, EE-avfall, blybatteri, fritidsbåtar, samt tenester innan riving og sanering.

Fantastiske Osberget utforma ny logo, visuell profil og nettside. I logoen har vi fornya gjenvinningssymbolet frå den gamle logoen til Vartdal Gjenvinning, no i form som tre polygrabb-kloer som er mykje brukt i verksemda.

Nettsida, som er satt i WordPress, inneheld ei oversikt over Vartdal Gjenvinning sine ulike tenester og avdelinger, samt ei oversikt over kva slags tenester som er tilgjengelige på kvar avdeling. Målet for den nye sida var å gjere det enkelt for kundar å finne fram til nødvendig og korrekt informasjon.

www.vgjenvinning.no

Mockup av presentasjon
Mockup av nettside på mobil
Gå til toppen