Kinoreklame

Fantastiske Osberget har ansvaret for reklame på fleire lokale kinoar: Fosnavåg, Ørsta, Volda, og Sjøborg i Ulsteinvik. Vi gjer kinoreklame til ein del av filmopplevinga. Lokal kinoreklame startar visning ca. 5 minutt før annonsert filmstart, før nasjonal reklame kjem på. Når du tingar kinoreklame med oss får du også gratis visning av din film på reklameskjermen i foajeen, då utan lyd. Her rullar reklamane heile døgnet, og er synlege for publikum både før og etter kinovisning, frå kiosken og for forbipasserande.
BESTILL

 

Kinoprisar Sjøborg, Fosnavåg, Ørsta og Volda
Pris for ein kino inkludert ein skjerm Pris for skjerm utan kino
Visningstid 3 månader 12 månader 3 månader 12 månader
5 sekund Kr. 2.700,- Kr. 8.700,- Kr. 900,- Kr. 2.900,-
10 sekund Kr. 3.300,- Kr. 10.800,- Kr. 1.100,- Kr. 3.600,-
15 sekund Kr. 4.800,- Kr. 15.000,- Kr. 1.600,- Kr. 5.000,-
20 sekund Kr. 6.150,- Kr. 19.500,- Kr. 2.050,- Kr. 6.500,-
25 sekund Kr. 7.200,- Kr. 21.600,- Kr. 2.400,- Kr. 7.200,-
30 sekund Kr. 8.400,- Kr. 23.700,- Kr. 2.800,- Kr. 7.900,-
over 30 sekund Kr. 260,- pr sekund Kr. 780,- pr sekund

Kinofilmar må leverast i DCP format. Vi kan hjelpe deg med omformatering til kr 1 990,- eks. mva

 

kinoreklame ulsteinvik
fantastiske osberget reklamebyrå i ulsteinvik

Ein effektiv kanal

Kostnadseffektivt og fleksibelt
Kino er ein effektiv marknadsføringskanal. Stort format, levande bilete og prima lyd - som gir stor merksemd frå eit positivt og aktivt publikum. Kinoreklame er kostnadseffektivt og fleksibelt. Du kan tilpasse filmen til kampanjeperioda di og bruke kanalen til både merkevarebygging og salsutløysande reklame.

Fantastiske fordelar

Kinoreklame er «grøn» reklame. Samtidig støttar du kulturlivet, noko som gir positive synergiar for avsendaren. Vi kan hjelpe deg slik at du på ein elegant og overtydande måte tek eigarskap til kinosalen. Du nyt godt av fri musikk, og publikum spreier bodskapen din vidare. Om du vel å legge produksjonen med oss passar vi også på at filmen din vert optimalisert for fleire flater, som t.d. for nettsidereklame, på Facebook eller YouTube.

Ei attraktiv målgruppe

Kinopublikum er ei attraktiv målgruppe. I salen finn du ungdom, foreldre med barn, men også eldre. Kinofolket er ungdommelege, ressurssterke, aktive, kulturinteresserte og trendy. Og ikkje minst, særs positive til lokal kinoreklame!

Vi lagar film FOR deg

Vi lagar film for deg og gjer draumen din verkeleg. Fortel oss om ideen eller filmdraumen din, og filmskaparane våre utfører resten: Vi produserer reklame eller bedriftspresentasjon med film, 3D og animasjon - i tillegg til film basert på eige materiell. Lys, kamera og action; raskt, effektivt og rimeleg.

Kontakt oss

Ellen Skodjevåg Bø
ellen@sytalaust.com
+47 402 40 226

Åge Grimstad
aage@osberget.no
+47 453 93 635