– Samfunnsbygger? Ja, vi har vore med på å bygt opp veldig mykje på Kvamsøya rundt Brimer. Og det er veldig viktig i eit samfunn – i alle samfunn, at du har arbeidsplassar. At folk kosar seg utanom arbeidsplassen. At ungane deira har det bra, og at dei kan gå trygt på jobb og vite at familien og ungane har det bra heime. Det har vore viktig for meg, seier Jarl Støylen i filmen.

I ein kortfilm på 14 minutt fortel han om oppstarten av hjørnesteinsbedrifta Brimer tilbake i 1972 og historia fram til i dag. Jarle kjem med mange interessante betraktningar rundt eit spanande og rikt arbeidsliv. Litt på overtid går han no av og blir pensjonist. Men vil ikkje sleppe heilt taket på Brimer, då han framleis skal sitte som styremedlem i bedrifta.

– Og så trur eg det at eg må gi frua litt meir merksemd. Ho har stått og venta på meg no i alle år og har vore mi trygge klippe, avslutta Jarle med i filmen.

Vi i Fantastiske Osberget har stått for filminga, lydopptaket, fargekorrigering og ikkje minst tilrettelagt alle hundrevis av bilde og avisklipp som ein finn i filmen. Det har vore ei minneverdig oppleving, og eit interessant prosjekt. Vi takkar for eit svært kjekt møte med Jarle Støylen og ønsker han lykke til i sitt nye tilvære.