Informasjonsfilmar og interaktive presentasjonar om pensjon

Viken Pensjonskasse

Viken Pensjonskasse initierte eit samarbeidsprosjekt mellom 17 offentlege pensjonskasser og Fantastiske Osberget. Målet var å enklare formidle kompliserte emne innan offentleg tenestepensjon til medlemmane i pensjonskassene. Prosjektet resulterte i ein pakke med illustrasjonar, tekster, filmar og interaktive presentasjonar, og vart eit av våre største prosjekt til dags dato.

Pensjonskassene sette ned ei prosjektgruppe som skulle vere fagleg ansvarlege for innhaldet, og saman hadde vi arbeidsmøte kvar veke gjennom den 6 månader lange prosjektperioden. Ein stor del av arbeidet bestod i å gå gjennom lange og omfattande dokument om reglar, rettar og unntak for ulike ytingar som til dømes AFP og Uførepensjon. Ut frå dette grunnlaget forenkla vi og destillerte bodskapen, samla alt inn under ein lik overordna struktur og formulerte tekster i eit folkeleg språk. Dette vidareforedla vi til manus for voice over, som vart lest inn i studio av ein profesjonell stemmeskodespelar.

Vi utforma også eit felles formspråk som kunne nyttast av alle dei ulike pensjonskassene, med fargepalett, typografi, ikon og illustrerte figurar som skulle representere dei ulike ytingane.

Alle ytingane fekk kvar sin animerte film, og i tillegg samla vi filmane i fire overordna bolkar: Medlemmar født før 1963, Medlemmar født frå 1963, Pensjonssystemet i Noreg og Offentleg tenestepensjon. Vidare samla vi tekst, illustrasjonar, filmsnuttar og ordforklaringar i ein pakke med interaktive presentasjonar. Desse kan kvar medlem trykke seg gjennom for å raskt finne den informasjonen som er relevant for seg.

Jeg satte veldig pris på samarbeidet i dette prosjektet, og arbeidet som ble gjort for å skape en fin arbeidsprosess. Fantastiske Osberget var en utrolig viktig sparringspartner når det kom til å finne enklere formuleringer, og visuelle fremstillinger på et så komplekst fagfelt som offentlig tjenestepensjon er. Jeg er veldig fornøyd med å ha fått så flotte presentasjoner på hjemmesiden vår, slik at våre medlemmer kan få en enklere oversikt over sin pensjonsordning og hva den innebærer.

Ellen Hovland

Pensjonsrådgiver, Sandnes kommunale pensjonskasse

For at kvar pensjonskasse skulle implementere det slik dei ønskte på eigne nettsider lagde vi styrande maldokument som webskisser. Blant anna vart det laga eit filtreringsystem med avkryssingsboksar, slik at brukarane kunne svare på enkle spørsmål og få sjå ei oversikt over kva ytingar dei kunne ha rett på.

 

Gå til toppen