Ny nettside for Ålesund Folkehøgskole

Ålesund Folkehøgskole

Ålesund Folkehøgskole er reiseskulen, og eit år på Ålesund Folkehøgskule skal vere ei reise for livet. Skulen er ein kristen folkehøgskule, og har mange ulike linjer med fokus på dei ulike reisemåla til linjene.

Mockup av nettside på laptop skjerm

Ålesund Folkehøgskole hadde behov for fornying av nettsida til skulen, og ønskte ei nettløysing som var meir fleksibel og som gav moglegheita til å vise fram store bilder og videoar av linjene, studieturane og folkehøgskuleåret. Dette vart løyst med ein ny og fleksibel mal i WordPress med mange val og ulike malsider. I designet av nettsida har vi hatt fokus på å vise fram store bilder og videoar, enkel navigering, minimalistisk og funksjonell design. Det skal vere enkelt for potensielle elevar å finne fram til informasjon dei treng, og med ein priskalkulator integrert på linjesidene og kostnadssida kan ein enkelt rekne ut kor mykje skuleåret vil koste med ulike val for studieturar, linjer, osv.

 

alesundfhs.no

Fleire prosjekt

Gå til toppen