Ny visuell identitet og nettside for IceMar

IceMar

IceMar er ein islandsk leverandør av fersk og frosen fisk. Etter ønske om å få ein meir moderne profil har vi fått laga ny visuell profil med logo og malar, brosjyre, bildekonsept og nettside.

Logoen IceMar vises i grønt og sort på isbakgrunn

Eit av dei viktigaste salspunkta til IceMar er den islandske naturen fisken kjem frå. Fisken til IceMar er fanga vilt i havområda rundt Island eller kjem frå oppdrett både på land og i sjø. Klimaet her er hardført, kaldt og friskt, og gir fisk av høg kvalitet. Dette ønska vi også å få fram i profilen. Resultatet vart ein logo med eit symbol forma som eit isfjell som speglar seg i havet, ein fargepalett med fargar inspirert av naturen på Island, og eit bildekonsept for produktbilda der bilder/teikninger av fiskane IceMar leverer vart redigert inn på isbakgrunnar.

På nettsida har vi fokusert på å skape kort veg fram til informasjon om produkta. Desse er delt opp i kategoriar, og har informasjon om næringsinnhald, sesong, smak og val om filet, loin eller porsjonspakkar. Nettsida er satt i WordPress.

www.icemar.is

Det har vært en fornøyelse å jobbe med Fantastiske Osberget sine dyktige folk i dette prosjektet. Deres designer klarte på en fin og kreativ måte å formidle det IceMar står for og kan tilby sine kunder gjennom en visuell identitet som er både «fresh» og moderne og med sterke assosiasjoner mot opprinnelsen til produktene (Island) og det nordiske. Prosessen og tidsbruken har vært enkel og effektiv, med god oppfølging og en profesjonell tilnærming i alle ledd. Tusen takk for godt utført arbeid!

Laetitia Pipaluk Rosing

Marketing Manager, IceMar
Makrell på is-bakgrunn
Laptop
mobilvisning av nettside
Mockup av nettside for IceMar
Mockup av produktblad for IceMar
Gå til toppen