Ny visuell identitet til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er ein statleg eigd høgskule med over 4100 studentar, der over 1000 av desse er nettstudentar. Høgskulen har eit stort utval utdanningar innan avdelingane mediefag, kulturfag, humanistiske fag og lærarutdanning, samt samfunnsfag og historie. HVO er kanskje særleg kjent for medieutdanningane og si tradisjonsrike lærarutdanning, og har utdanningar for velferdsstaten.

Logo til høgskulen i Volda er plassert over et bilde av bygda med blått filter lagt over

I Volda har det blitt utdanna lærarar i over 150 år, og bygda har også ei lang historie som trykkeri-stad. I dag er Høgskulen langt framme når det gjeld digitalisering og framtidsretta utdanningar. Desse kontrastane mellom historie og framtid, tradisjon og framgong byggjer fundamentet til den nye visuelle identiteten til skulen. Denne kontrasten er eit sentralt element i profilen, og gjer den fleksibel og anvendelig. Ein har kraftige fargar og fontar, men også delikate. Uttrykket er solid, men også dynamisk.

Dette resulterte i hovudfargane mørk blå og korall. Mørk blå symboliserer tradisjonar, akademia, det trygge, kraftige og solide. Som kontrast til denne har vi korall, som står for framtid, dynamikk, kreativitet og rørsle. I tillegg til hovudfargane har ein også tilleggsfargane rosa, gul, turkis og grøn som bidreg til ein dynamisk og variert profil. Typografien består av seriff-fontar inspirert av trykkeri- og utdanningshistoria til Volda, men med eit moderne uttrykk.

Den visuelle profilen vår trong ei fornying og oppgradering. Då var det heilt naturleg for oss å søke hjelp hos samarbeidspartnaren vår Fantastiske Osberget. Vi er godt nøgde med resultatet – det er smakfullt og ordentleg, samtidig som vi har store moglegheiter for å variere og vere leikne med fargar og visuelle element.

Kommunikasjonskontoret

Høgskulen i Volda

Som ein del av arbeidet med profilen og profilhandboka har det også blitt satt opp ei rekkje malar som Høgskulen brukar i det daglige. Dette inkluderar blant anna mal til PowerPoint, akademiske plakatar, årsrapport, rollup og disputas-malar.

Mockup av profilhåndboken til Høgskulen i Volda
Mockup av profilhåndboken til Høgskulen i Volda
Mockup av profilhåndboken til Høgskulen i Volda
Mockup av profilhåndboken til Høgskulen i Volda
Mockup av profilhåndboken til Høgskulen i Volda
Mockup av rollups til Høgskulen i Volda
Mockup av profilert kortstokk til Høgskulen i Volda
Mockup av brosjyrer til Høgskulen i Volda
Gå til toppen