Opplæringsfilmer for Hofseth

Hofseth

Hofseth Aalesund spesialiserer seg på ferske porsjonar og filetar som vert levert over heile verda. I prosesseringa er det viktig for miljø og lønnsemd å vere effektiv og nøyaktig. Løysinga vart ei rekke animasjoner med instruksjonar til arbeidarane på anlegget.

2D illustrasjon av en tallerken med laksemiddag på

Vi utforma ein stilrein visuell mal for animasjonane og ein type illustrasjon som var forenkla men likevel detaljert nok til å formidle viktig informasjon. Nøyaktige storyboard vart til med hjelp av bilder og film frå produksjonen og tett samarbeid med representantar frå Hofseth.

Ein stor del av arbeidet var å forstå prosessen og kunne illustrere denne på ein måte som er enkelt for sjåaren å forstå, med enkle tekster og utan lyd. I tillegg til sjølve fisken så måtte alt utstyr som vert nytta i prosessen også illustrerast og animerast.

Den første leveransen besto av 8 animerte opplæringsfilmar som varte mellom 1,5 og 3 minutt kvar. Desse omhandlar korleis ein optimalt skal prosessere fisken for høgast kvalitet på sluttproduktet og minst mogleg svinn.

Animasjonane vart levert med tekster på både engelsk og litauisk.

Stillbilder fra animasjonsfilmen
Stillbilder fra animasjonsfilmen
Stillbilder fra animasjonsfilmen
Stillbilder fra animasjonsfilmen
Gå til toppen