Presentasjonsfilm for Norske Skipsverft

Norske Skipsverft

Medlemsverfta i bransjeforeininga Norske Skipsverft har differensiert kompetanse innan områda nybygg, ombyggingar og reparasjon/vedlikehald. Medlemsverfta dekker alle segment innanfor si kompetanse, frå avanserte arbeidsbåtar innan havbruk til topp moderne cruiseskip. Vi fekk i oppdrag å lage ein presentasjonsfilm for Norske Skipsverft som synleggjer viktigheita av verfta i Noreg.

Sidan dei ulike verfta hadde mange eksisterande filmklipp frå sine aktivitetar blei ein viktig del av vårt arbeid å sy desse saman på ein god måte. Vi samla alle med éi felles historie, inspirert av barneleiken “Mitt skip er lasta med”. Basert på denne idéen skreiv vi manus og laga storyboard. Der fekk vi også inn motion graphic scener i ein stil som matchar identiteten til Norske Skipsverft. Vi utforma også tekst til voice-over, sørgde for profesjonell innspeling, og i redigeringsprosessen blei stemma lagt inn med inspirerande musikk.

Vi jobbet godt sammen med Fantastiske Osberget i dette prosjektet, og hadde en fin prosess sammen. De viste høy kunnskap om vår bransje, og var en aktiv pådriver som sørget for god framdrift hele veien.

Asle B. Strønen

Adm. dir.

Nokon av delane i presentasjonsfilmen blei også løyst med bruk av filmklipp frå stock. Sidan det var klipp frå så mange ulike kjelder var grading ein viktig del av prosjektet, for å sikre ein gjennomført stil.

Gå til toppen