Visuell identitet og nettside for Møre Folkehøgskule

Møre folkehøgskule

Møre Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i Ørsta med linjer innan friluftsliv, trening, kultur, reise og animasjon. “På Møre kan du velge”, og skulen legg opp til at elevar kan setje saman sitt eige skuleår ved å kombinere linjer, slik at ein går ei linje på hausten og ei på våren. Fantastiske Osberget har levert ny logo, visuell identitet, samt ny nettside.

Den nye profilen har eit minimalistisk design med duse fargar, fontar med runde former og bruk av store, gode foto som skal appellere til ei yngre målgruppe. Logoen består av eit namnetrekk med to skråstrekar i Ø-en, som skal symbolisere fjell og ulike val. Denne er utforma med tanke på at den skal fungere som ein brand-logo som skal ta seg godt ut på merch og fremje elevane si tilhørigheit til skulen. Ø-en kan også brukast for seg sjølv som eit logosymbol, og strekane i Ø-en brukast som skiljeteikn i tekst for å skilje mellom t.d. breadcrumbs på nettsida og mellom linjenamn og reisedestinasjon.

På nettsida er det fokus på store foto og videoar for å vise potensielle elevar korleis folkehøgskulekvardagen og studiereisene er. Nettsida har også ein eigen “linjevelgar” der ein enkelt kan sjå kva kostnaden for folkehøgskuleåret blir ved å velge linje for haust/vår, krysse av om ein ønsker dobbeltrom eller enkeltrom, har matallergiar, og kva ein vil få i støtte frå Lånekassen. Nettsida er satt i WordPress, og er designa med tanke på at dei fleste av brukarane på sida vil sjå den på mobil.

more.fhs.no

Gå til toppen