Tenester

Bokdesign

Vi har lang erfaring med alt innan bokdesign. Vi kan bistå med alt frå innhald, utforming av layout og omslag, korrektur og trykking av bøker. Dei beste fortellingane lagar vi saman. Lat oss hjelpe deg med å få di eventyrlige historie ut i verda! Sjå nokon av våre bøker her.

Mockup av bokdesign som viser turglede gurskøya rundt av sindre slettestøl

Idé og bokprosjekt

Det er mange faktorar ein må ta hensyn til dersom ein ønskjer å gi ut ei bok. I fellesskap drøftar vi idéen til boka, og diskuterer budsjett, opplag, omfang, format, layout og design. Ingen opplag er for små eller for store.

Bokdesign og layout

Mange detaljar skal ivaretakast i eit bokdesign. Korleis skal omslaget sjå ut og kva materiale skal ein nytte? Skal layouten vere lett og ledig med leiken plassering av tekst og bilder, eller skal boka ha ei seriøs og strukturert framtoning?

Boktrykking

Vi kan bistå med korrekturlesing, kvalitetskontroll, E-bok og klargjering av trykkefiler. Dersom kunden ønskjer det, får vi produsert fysiske prøvetrykk slik ein får ein smakebit på det ferdige opplaget. Når prøvetrykket er godkjend, startar sjølve trykkeprosessen.

    Ta en kaffi med oss

    Melding



    Gå til toppen