Tenester

Film og foto

Film og foto er viktige verktøy som bidreg til å skape gode inntrykk. Bruk av foto og video må tilpassast målgruppa. Nokre ønsker meir bilete framfor tekst, medan andre treng velskriven tekst i tillegg. Ved bruk av gode bilete kan ein meir tydeleg vise eigenskapane til eit produkt og gjere ein potensiell kunde tryggare både på produktet og leverandøren. Det er også den beste måten å forklare eit krevande konsept, gi instruksar for bruk, eller fortelje ei historie. Ein god bildebank har svært lang levetid.

Foto fra oppdrag for møre- barne og ungdomsskule viser to elever på sykkel en sommerdag.

Foto

For bedrifter er det avgjerande å bruke gode foto som ein del av marknadsføringa. Ved å vise foto av tenester og produkt, tilsette, lokale, prosjekt, fornøgde kundar og liknande får gamle og nye kundar eit innsyn i kva bedrifta er, og kva ho leverer. Ekte foto som er tekne av ein fotograf er med på å løfte bedrifta di til nye høgder. Vi kan bistå med utvikling av bildekonsept med bildestil, bildebank, og kan stå for fotografering eller samarbeide med fotograf.

Video

Vi kan bistå med alt frå A til Å også når det gjeld film. Her kan vi hjelpe til med både idé og stodyboard, manus, planlegg og gjennomføring, filming og klipping/redigering av din neste film. Vi kan også filme og klippe ein film ut frå eit satt manus, eller klippe saman filmklipp tilsendt frå kunden. Omfanget bestemmer du, eller så kjem vi fram til det saman.

    Ta en kaffi med oss

    Melding



    Gå til toppen