Animasjonsvideoar for anleggsentreprenør

Isachsen Anlegg

Isachsen Anlegg er ein anleggsentreprenør som driv sitt virke i store delar av Austlandet. Med veg, VA og grunnarbeid som si kjernedrift inneber dette å motivere lokale leiarar til å finne best moglege løysingar for infrastruktur-prosjekta sine.

Sommaren 2020 skulle Isachsen Anlegg halde ein presentasjon som dei ønska ein litt større wow-faktor til. Då reiste vi og besøkte dei i Drammen for så å sette i gong med ei rekke videoar og animasjonar som skulle illustrere og binde saman presentasjonen. Ved hjelp av Isachsen sine eigne dronefilmar, enkel animasjon og godt samarbeid laga vi ein presentasjon saman som skapte ekstra blest for prosjektet.