Bok om krigssiglaren Charles Remø

Knut Arne Høyvik

«Minne frå krigsåra» er krigssiglaren Charles Remø (1923–2017) si sterke historie om det han opplevde under den andre verdskrigen. Han fortel om hemmelege oppdrag. Om ungdommar som måtte reise frå mor og far. Vere borte i månader, og år, utan at dei heime visste om dei levde eller var døde. 

Om frakt av utstyr og drivstoff, såra og døde. Om fleire månader i konvoi, innimellom høge bølgjer og bombing. Han fortel om D-dagen. Om sterke inntrykk, frykt og håp.

Charles Remø si historie representerer dei mange krigssiglarane som ikkje fekk fortelje, eller fekk den takka dei verkeleg både trong og fortente. Boka er ein heider og eit minne om alle dei som kjempa for fred og fridom. Ein fridom vi verken kan eller bør ta som ei sjølvfølgje.

Knut Arne Høyvik har vore prosjektleiar. Gunhild Tveiten og Harald Thorseth har vore redaksjon.

Osberget har hatt ansvaret for design og oppsett.

Vi er svært fornøgde med korleis Osberget har løyst oppdraget, og det er familien også.

Knut Arne Høyvik

Prosjektleiar
Gå til toppen