Stolt husleverandør

Byggenheim AS

Byggenheim er ein bustadsleverandør i Fosnavåg i Herøy kommune. Byggenheim hjelper kunden gjennom heile byggeprosessen, frå planlegging til overtaking.

byggenheim-redesign-heimeside-fantastiske-osberget

Kundeforholdet går langt tilbake. Heilt sidan oppstarten av selskapet i 2013, då vi saman med kunden fann fram til namnet “Byggenheim”, og utvikla tilhøyrande grafisk profil. Kunden kom til oss og etterlyste ei revitalisering og redesign av heimesidene sine. Nettsida er utvikla i Squarespace, ei brukarvennleg løysing som gjer at kunden raskt og enkelt kan gjere endringar på sida sjølv.

Sjå Byggenheim sine nye nettsider.

Den nye heimesida har som hovudmål å gjere det enkelt for besøkande å nå tak i informasjonen dei treng raskt og enkelt. Slik sida er sett opp er det også lagt opp til at Byggenheim sjølve kan laste opp nye referansebilde med få tastetrykk. Med dette oppsettet sparer dei mykje tid i ein elles hektisk kvardag, og får halde fokus på si kjerneverksemd.

Gå til toppen