Ein god barndom i generasjonar!

Solsikka Barnehage

Solsikka er ein privat barnehage som vart starta i 2007 og ligg i sentrum av Fiskå i Vanylven kommune. Solsikka er ein basebarnehage med mykje fellestid, slik alle borna og alle dei tilsette vert godt kjende med kvarandre. Dette er tryggare for borna, og gjer det enklare for borna å søke kontakt med personalet på tvers av avdelingane.

nettside barnehage solsikka av fantastiske osberget

Vi har utarbeida nye nettsider som har som hovudmål å gjere det enkelt for besøkande å nå tak i nyttig informasjon på ein rask og enkel måte. Nettsidene er sett i WordPress, som er svært effektivt for å oppdatere og publisere innhold. Barnehagen får dermed formidla aktuell informasjon på ein rask måte, og får meir tid til det som er viktigast; borna.

www.solsikka.no

 

Osberget leverer ei flott oppdatert heimeside til oss. Den tidlegare heimesida var utdatert, så vi trengde absolutt å modernisere den.

Det var heilt supert å få orientere seg litt digitalt på sida i overgongen til ny side. Deretter vart eg guida og fekk opplæring i å legge ut ting på sida. På denne måten fekk ein erfaring medan ein prøvde ut, noko som fungerer heilt supert for min del. Eg lærer best ved å gjere. Etterpå prøvde eg meg ut på eiga hand, for så å få ny oppfølging av Osberget. Der eg fekk ta i bruk nye funksjonar, samt fekk repitere det vi gjorde sist.

Ein utmerket måte å få opplæring i bruken av heimesida, utan å måtte bruke kjempemykje tid i kursing/reising osv.

Marta Bøstrand

Styrar
webutvikling og programmering av nettside for barnehage solsikka
nettside for barnehage som er mobiltilpasset
Gå til toppen