Magasinet Heimebane

Sytalaust AS

Sytalaust AS, ein lokal aktør i Ulsteinvik, har for andre år på rad gitt ut ei rekke magasin med NRK-serien “Heimebane” som inspirasjon. Her ønska dei å løfte fram enkeltpersonar og bedrifter i regionen og finne ut kva heimebane betyr for dei. Vi har vore så heldige å fått vere med på prosessen, med både grafisk profil og trykksak.

Nettutgåve av magasin

I ein av magasinet sine artiklar får du lese om Tom Emil Olsen. Gründeren frå Ulsteinvik har over 20 års erfaring frå design, reklamebyrå og branding-industrien. Han har vunne ei rekke nasjonale og internasjonale prisar og utmerkingar for design og kreativ tenking. Tom Emil er også kåra til ein av dei 100 mest kreative talenta i verda. På bilde ser vi Tom saman med Herman Friele.

La deg inspirere

Eg håper du også finn denne utgåva av magasinet HEIMEBANE inspirerande. Og vit, at felles for fleire av dei som har blitt intervjua denne gongen, med alt det dei har fått til, har henta sin inspirasjon frå vår heimebane.

Ellen Skodjevåg Bø, Sytalaust

Gå til toppen