Identitet for Optimal Yoga & Pilates

Optimal Yoga & Pilates

Yogastudioet i Ørsta starta hausten med ny og frisk profil. Dei ønska ein logo som tydeleg symboliserte yoga og ein identitet som uttrykte ro, harmoni og velvære.

Logoelementet tek utgangspunkt i den runde forma frå initialen “O”, og dannar ein lotus, blome eller spire. Ein kan også ymte dei to andre initialane “Y” og “P”. Forma er både balansert og dynamisk, der “tråden” kan linkast mot svingningar i sinnet eller til mjuke rørsler. Fargepaletten har naturlege tonar som fremmer det organiske, bevegelige, med kontrastar som uttrykker både tyngde og stabilitet, luft og lys.

Foto: Ma Ortiz, stockfoto, privat

Vi er så nøgde med den nye logoen vår! Den traff ved første blikk, og er akkurat det vi såg for oss! Dyktig designer, og eit kjekt samarbeid :-)

Marianne Kriken

Optimal Yoga & Pilates
Gå til toppen