Ikonsett for Xledger Norge

Xledger er det 100% skybaserte ERP-systemet som er utvikla for å forenkle arbeidsdagen for dei som jobbar med rekneskap og økonomi. Selskapet var lansert i Norge i 2005 og har også kontor i Sverige, Storbritannia og USA.

Vi har laga nettstad og ulikt materiell for Xledger opp igjennom åra, og no er det siste prosjektet klart. Eit minimalistisk ikonsett som står i stil med den karakteristiske profilen til Xledger.

I arbeidet med ikonsettet har vi lagt vekt på at det skal fungere godt i digitalt format og fleire ulike funksjonar. Vi har samarbeida tett med kunden for å påsjå at alle behov vart oppfulgt, og resultatet vart eit fleksibelt ikonsett med ulike variantar og høve til å endre farge.

Det er alltid en glede å samarbeide med Osberget. De forstår hva vi vil ha og fikser det utrolig fort. Vi har samarbeidet i mange år - og kommer til å gjøre det i flere år fremover.

Tina Marie Steen-Olsen

Senior DIgital Marketing Specialist
Go to top