Informasjonsfilm for Offshore and Trawl Supply AS

Offshore and Trawl Supply AS (OTS) er ein leiande produsent av syntetiske fibertau for bruk i offshore olje- og gass-, fiskeri-, akvakultur-, løfte- og slepeindustrien. OTS er basert i Norge og har gjennom 25 år spesialisert seg på produksjon, design og engineering av høgteknologiske fibertau.

OTS ønskte å visualisere at dei no satsar på å utvide produksjonskapasitet og portefølje for å møte forventa aukande behov i fortøyingsmarknaden for offshore vind. Vi i Fantastiske Osberget var så heldige å få lage ein informasjonsfilm, og dessutan ein ny logo for Advanced Mooring Supply (AMS) i same stil som OTS.

Det var veldig enkelt for oss å jobbe med Fantastiske Osberget for å få presentert planene våre. Vi fortalte dem bare hva det er vi prøver å oppnå, så kom de opp med flere gode forslag til hvordan dette kunne presenteres best mulig. De hadde allerede bra kjennskap til markedene vi opererer i. Deretter tok de initiativ, jobbet på og utfordret oss, slik at vi satt igjen med en flott presentasjonsfilm innen tidsfristen.

Stein Frode Bulling-Ness

Managing Director | Offshore and Trawl Supply AS

Filmen skal hovudsakleg nyttast på messar og sosiale medium, og skal vise moglegheitene utviding av lokale og produksjon opnar for. Vi har brukt ein kombinasjon av illustrasjon, animasjon og foto for å fortelje ei historie, og har skapt ei unik visualisering ved hjelp av elegant 2D-illustrasjon og bilde i bevegelse.

Bilderedigering
Sidan videoen presenterer ei satsing som enda er i ein planleggingsfase, måtte vi manipulere eksisterande bilde for å vise bruksområdet til det nye tauet.

Vi takkar for hyggeleg oppdrag og godt samarbeid, og ønsker Offshore & Trawl Supply lykke til med prosessen vidare!