Informasjonsfilm for trygg ferdsel langs kysten

Kystverket

Kystverket er ein nasjonal etat som jobbar med kystforvaltning, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeidar aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport, driv førebyggande arbeid mot og redusering av skadeeffektane av akutt forureining, og medverkar til ei berekraftig utvikling av kystsona.

informasjonsfilm for nasjonal etat av osberget as

I haust har vi fått samarbeide med Kystverket for å få laga ein ny informasjonsfilm. Dei utfører eit utruleg viktig arbeid med å gjere vår flotte kyst trygg å ferdast i. No ønsker dei å informere om den nye standarden for sektorlykter som vert implementert langs norskekysten fram mot 2025. Vi har laga ein kort film til bruk i sosiale medium, og ein som er lengre og meir informativ. Eit fantastisk kjekt prosjekt å få hjelpe til med, både for eit viktig tema, men også eit veldig hyggeleg samarbeid med den trivelege gjengen i Kystverket.

Gå til toppen