Reinhaldsverket på Søre Sunnmøre leverer årleg ut infohefte til innbyggarane. Vi har i ei årrekke vore så heldige å få ta del i det kreative arbeidet bak kampanjer og utforming av brosjyremateriell.
I ei tid der mange slit økonomisk samtidig som matsvinnet aukar, ønska reinhaldsverket å nå ut med gode tips til korleis redusere matsvinn og såleis spare både lommebok og miljø for unødige ressursar. Vi har vore med på konseptutvikling, og utforma brosjyre og illustrasjonar.
Hildegunn og Osberget forstår behova våre, kjem med gode innspel og leverer lynraskt.