Innsmett til CD

Grimstadkoret lanserte laurdag 9. desember 2023 CD som dei har kalla «I songen sitt rike». Lanseringa var på kyrkjelydshuset i Hareid

Fantastiske Osberget har stått for utforming av innsmettet i CD’en der akvarellen til Olav Grimstad har fått ein sentral plass i utforminga.

Innspelinga til CD’en vart gjennomført i Volda kyrkje på forsommaren i år. CD’en inneheld seksten songar, sju profane, sju sakrale og to julesongar. 500 eksemplar blei trykt opp. Inngangsbilletten til konserten var eit eksemplar av CD’en. Koret melder at dei fleste er selt.

Vi trudde først at det ikkje var marknad for CD-ar no lenger, men der tok vi feil, mange brukar framleis CD-spelar heime i stova, i bilen eller andre stader.

Grimstadkoret

Gå til toppen