Logo og design for ny romstyring-app

Ventistål

Ventistål er Noregs leiande ventilasjons- og blikkenslagargrossist med om lag 250 tilsette fordelt på 16 avdelingar i Noreg. Ventistål tilbyr blant anna løysingar innan ventilasjon for bustad og næring, og har nyleg lansert VentiZone, eit fleksibelt romstyringssystem der ein kan styre lys, solskjerming, varme og kjøling.

Vi har designa logoen til VentiZone, og har bistått med design av brukargrensesnitt i appen. Logoen er basert på Ventistål sin logo, og tek opp att formene frå logosymbolet. Symbolet illustrerar varm og kald luft som sirkulerar om kvarandre, og dannar god luftkvalitet.

I appen kan ein styre temperatur i form av varme og kjøling, lys og solskjerming.

Vi takkar for oppdraget og godt samarbeid, og ønsker Ventistål mykje lykke til med lanseringa!

"The designer was very helpful and quick to respond, we had a short deadline and we got exactly what we needed. We look forward to working with Fantastiske Osberget again"

Matt Kelly

Systemingeniør | Ventistål