Lokalt julehefte i handelen

Helseminister Bent Høie har oppfordra folket til å henge opp fleire julestjerner i år. Osberget har fulgt oppmodninga og gir på nytt ut Julestjerna. Det er den tredje utgåva i rekka og heftet er i ferd med å bli ein tradisjon. Jul er tradisjonar der vi syng dei gode gamle julesongane, et den tradisjonelle julematen og les dei same fortellingane.

– Om fem år kan vi innleie med å skrive det tradisjonelle juleheftet Julestjerna. Slik er det med tradisjonar, og juletradisjonar spesielt, seier redaktør Magne Grimstad jr.

Fleire lokale forfattarar har bidrege med stoff slik som Ottar Kaldhol, Trudi Eikrem, Kari Brandal, Asle Geir Widnes Johansen, Magne Grimstad jr., Knut Arne Høyvik, Gunhild Snipsøyr, Dagfinn Olav Bye og Louis Hodr Røren. Sistnemnde har fått tonesatt ein julesong av Robert Skeide som har fått namnet Under ein stjernehimmel.

Julestjerna takkar alle bidragsytarane som har vore rause og delt sine fortellingar. På den måten lever historiene vidare. Juleheftet er å få kjøpt hos dei lokale bokhandlarane og på nettsidene til Osberget.

Julestjerna kan du kjøpe på våre lokale bokhandlarar eller på vår nettbutikk.

 

Vi ynskjer at julemagasinet Julestjerna skal bli eit felleseige og lyse opp i juletida på lik linje med julestjerna, seier Grimstad. Innhaldet er fortellingar, dikt, songar og foredrag.

Magne Grimstad jr.

Osberget