Marin Teknikk med ny nettside

Marin Teknikk

Marin Teknikk er ei prisvinnande skipsdesign- og  ingeniørbedrift frå Herøy. Med meir enn 40 års erfaring designar og utviklar dei nokon av dei mest avanserte skipa på verdsbasis.

Til liks med skipsteknologi utviklar nettsider seg også i ei forrykande fart. Det er viktig å bevege seg mot dei nye føringane for å kunne oppnå ei brukarvennleg, moderne nettside med design og funksjonalitet som er i tråd med tida.

Vi har ein lang historikk med godt samarbeid med Marin Teknikk. Då vi fekk forespurnad om å starte arbeidet med nye nettsider var vi sjølvsagt klare til å trå til. Gjennom heile prosessen har vi hatt den etablerte profilen som rettesnor, og fokusert på å vidareføre fargar, fontar og grafiske element inn i ei ny, digital drakt. Reint teknologisk har vi sett høge krav til funksjonalitet og brukarvennlegheit, med ein skipskatalog som let seg sortere og filtrere på ei rekke kriterium. Vi utvikla også eit automatisert verktøy som gir nedlastbare produktark for skipa, basert på informasjonen som ligg på nettsida.

Vi er svært stolte og takkar nok ein gong for eit godt samarbeid!

Sjå dei nye nettsidene på marinteknikk.no

Vil takke for den fine heimesida til Marin Teknikk som no er ferdig. Det har vore gjort eit betydelig arbeid og vi synest resultatet er blitt veldig bra.

Richard Gjerde

Sales Director
Gå til toppen