Nostalgiske spelkarakterar

Berggård Amundsen

Berggård Amundsen er Norges største familieeigde elektrogrossist, og har sidan 1946 levert alt ein montør kan trenge for å gjennomføre dei elektriske installasjonane sine.

Då vi først kom i kontakt med dei i 2019 produserte vi 2 karakterar “TK” og “Buddy” basert på 2 produkt i sortimenta deira. Medan TK er den etablerte standarden “Trekk og Kapp” som alle elektrikarar kjenner til, så er Buddy den meir moderne varianten av same produkt. Sidan desse konkurrerer om å bli favoritten til montørane ønskte vi å setja dette på spissen i form av ein bokstaveleg kamp mellom dei 2 kjemparane. Dette vart då i form av ein fullstendig kampanje der montørane stemte fram favoritten sin. Kampen vart billedliggjort undervegs i form av animasjonar og trykksaker som visualiserte spliden mellom TK og Buddy.

Uttrykket vi gjekk for var å emulere 16-bit spel frå Super Nintendo æraen. Dette er ein generasjon av spel og ein stil som mange av dagens installatørar kjenner igjen og har gode minne av.

Eit år seinare ønskte Berggård Amundsen å vidareføre kampanjen med fjorårets vinnar, TK. Då fekk vi endeleg moglegheit til å gjennomføre ein av ideane som måtte kuttast frå sist gong, nettopp å lage eit spel for karakteren.

Resultatet vart endå eit nikk i retninga til nostalgien med ein variant av spelet “Snake”, som vart utvikla i samarbeid med Ablemagic. Undervegs i kampanjen kunne montørane vinne premiar med å få rekordar i spelet.

Du kan teste spelet sjølv her.