Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) skal ivareta, skape og utvikle verdiar for Ulstein Kommune gjennom gode byggeprosjekt, smart forvaltning og ressurseffektiv drift.
Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) skal ivareta, skape og utvikle verdiar for Ulstein Kommune gjennom gode byggeprosjekt, smart forvaltning og ressurseffektiv drift.
Selskapet ønskte ei modernisering av den visuelle profilen, med eit ryddig uttrykk, ein tydeleg link til kommunen sin grafiske profil og eit praktisk logoformat som kunne nyttast på både små og store flater. Vi har utarbeida ny logo med fargepalett i tråd med Ulstein kommune sin profil. Logoelementet formar ei abstrakt kube i perspektiv som ein kan ymte mellom dei negative formene. Forma dannar også ein U, og ein liggande e. Elementet er organisk og i rørsle noko som kan uttrykke både drift, vekst og utvikling. Den monumentale forma gir kjennskap til kommunevåpen og fremjar UEKF som ein solid aktør. I tillegg til logo har vi utarbeida mal for presentasjonar.