Ny nettside for ingeniørforetak

Mulvik

Mulvik er eit rådgjevande ingeniørforetak med kontor i Volda og Stryn. Mulvik tilbyr tenester blant anna innan prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk/ifrastruktur, taksering i samarbeid med takstnett og landmåling.

For Mulvik har vi designa ei ny nettside i WordPress. Som ein del av dette har vi også bidrege med oppdatering av profilfontar og -fargar basert på den eksisterande logoen, tilpassing av ikonsett for tenestane, samt fotografering av tilsette. Den nye nettsida er lys, enkel og moderne, og set det viktigaste i fokus – Kva tenester Mulvik kan tilby kunden.

Takk for supert samarbeid, vi gler oss til fortsettelsen! Den nye nettsida til Mulvik kan sjåast her: mulvik.no

Gå til toppen