Ny nettside for Møre barne- og ungdomsskule

Møre barne- og ungdomsskule

Møre barne- og ungdomsskule er ein kristen privat grunnskule i Herøy Kommune. Skulen sin visjon er å ha god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hos elevane. 

møre barne og ungdomsskule presentasjon av portefølje nettside

For Møre barne- og ungdomsskule har vi utforma den nye nettsida deira. Nettsida er ein viktig kanal for føresette for å finne viktig informasjon om skulen, søke om skuleplass, og finne kontaktinformasjon om lærarar og andre tilsette. Sida er satt opp med eit moderne design med friske og sprekne fargar, og leikne fontar gir sida eit leikent uttrykk.

Sida er bygd med det brukarvenlege systemet Squarespace, som gjer det enkelt for dei tilsette å halde sida oppdatert sjølve.

I tillegg til design av nettsida har vi stått for fotografering til sida – både dronefoto av skuleområdet og fotografering av elevane i ulike skulesituasjonar.

Vi takkar for svært hyggelig oppdrag!

https://www.moreskule.no/

 

presentasjon av nettside for møre- barne og ungdomsskule
møre barne- og ungdomsskule portefølje nettside
møre barne- og ungdomsskule portefølje nettside
Gå til toppen