Nye nettsider for bygget Horisont i Fosnavåg

Horisont

Horisont er eit moderne bygg i vakre omgivnadar; ein unik møteplass der du kan sjå variert kunst, nyte gode måltid, og knytte nye kontaktar. Horisont er eit unikt og spennande konsept som rett og slett kan sjåast som ei minnerik reise i sanselege gleder.

Fantastiske Osberget har levert nye nettsider, profiljustering, foto og video. Kunden ønska seg ei nettside som engasjerer og inspirerer, og som representerer kunsten, bygget, og stemninga Horisont framkaller.

Resultatet er ei vakker, innbydande og brukarvenleg nettside som viser breidda i konseptet, og som snakker til målgruppen. Ved hjelp av film og foto, ein utvida fargepalett, samt nye ikon og illustrasjonar har den nye nettsida fått eit elegant uttrykk som inspirerar dei besøkande.

horisont-fosnavaag.no

 

Sida er laga slik at bakgrunnsfargen skiftar etterkvart som ein scrollar nedover, noko som gir ei stemningsfull oppleving når ein navigerar seg rundt på sida. Dette let den varme og vakre fargepaletten til Horisont verkeleg kome til sin rett.

Gå til toppen