Nye nettsider for tradisjonsrikt verft

Larsnes Mek. Verksted AS

Verftsmiljøet på Larsnes kan trekke på tradisjonar for reparasjonar og skipsbygging over hundre år tilbake. Larsnes Mek. Verksted AS er eit godt etablert skipsverft, og har blitt eit av dei leiande innan fiskeri og brønnbåtar i Noreg. Med 50 årsjubileum var det også tid for å fornye nettsidene.

Det var ønske om ei brukarvennleg nettløysing for både selskapet og kundar. Informasjon om nyhender og referanser skulle kome tydeleg fram. Vi har bistått med design og nettløysing på ny plattform. Profilen er vidareført med større tyngde og eit meir modernisert uttrykk. Kvar side er tilpassa innhald, og raske kontaktpunkt via skjema er nytta fleire stadar.

Som fast kunde i ei årrekke set vi pris på det vidare samarbeidet!

Det var på tide med fornying av nettsidene våre, og Osberget var det naturlige valget sidan vi har brukt dei som leverandør i ei årrekke. For oss er det viktig å bruke lokale aktørar som kjenner litt historikken i det vi driv med, og at den geografiske korte avstanden inviterer til eit tettare samarbeid. Vi syns at nettsidene vart flotte og innbydande, samt at dei gir eit ryddig og reint inntrykk. Vi er tilfreds med resultatet og takkar for eit godt samarbeid i prosessen.

Mette Longva

Larsnes Mek. Verksted AS
Gå til toppen