Nye nettsider for opplæringskontor

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Opplæringskontoret for søre Sunnmøre er eit samarbeidsorgan mellom fleire bedrifter som har teke på seg opplæringsansvar i samsvar med fastsette læreplanar i aktuelle fag. Opplæringskontoret skal koordinere og støtte medlemmane si fagopplæring og medverke til at opplæringa held god fagleg kvalitet.

Osberget har i samarbeid med kunden levert design, struktur og oppsett for nettsidene til Opplæringskontoret for søre Sunnmøre. Logoen og fargebruken i logoen har vore førande for sjølve uttrykket. I arbeidet med nettsidene har vi hatt fokus på ungdommar som vurderer å bli lærling. Det skal vere enkelt å orientere seg både som lærling, foreldre/føresatt og bedrift.

Osberget har vore ein stor bidragsytar, komt med gode idéar, hjelpt til med design og layout og ikkje minst så har dei høyrt på våre ønskjer heile vegen.

Vi ville ha ei oversiktleg nettside med god informasjon til våre ulike brukarar, eller til andre som vil ha meir informasjon om fagopplæring enten det er ei bedrift som ønskjer å bli lærebedrift eller ein elev som lurer på å søkje læreplass. Dette har vi fått til, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar på nettsida.

Anne-Mari Pilskog

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Arbeide aktiv med informasjonsformidling

Opplæringskontoret skal representere kommunane og medlemsbedrifter ut mot elevar i vidaregåande skule, samt vere bindeledd og kontaktperson mellom skule og lærebedrift. Kontoret skal aktivt arbeide med informasjonsformidling på opplæringsstaden. Opplæringskontoret skal gje råd om opplæringstilbod, analysere opplæringsbehov og utvikle planar for opplæringa.

Gå til toppen