Protecting people and values

Libra-Plast AS

Libra er ein anerkjend leverandør av dører til den maritime industrien. Gjennom 60 år har verksemda produsert og levert innovative produkt til sine kundar, verda over. Gjennom eit tett samarbeid har vi programmert og designa ei løysing som vil forenkle kvardagen til verksemda og deira kundar.

Fantastiske Osberget har levert design, teknisk løysing og programmering knytt til heimesidene. Løysinga som har vorte utarbeidd skal gjere det enklare for kundane å finne fram til ønska produkt, samt for dei tilsette å enklare setje saman ordrar som kjem inn. På heimesida kan ein filtrere seg fram til produkt som passar konkrete bruksområde, samt konfigurere tilleggsutstyr og utføring i etterkant. Dette inneber mellom anna materialval, hengsleretning, fargar, skreddarsydde størrelsar og mykje meir.

Les meir i Vikebladet Vestposten:
– Vi har skapt noko unikt saman
– Du kan laste ned artikkelen (pdf) her.

Sjå heimesidene til Libra

Vi har hatt eit veldig fruktbart samarbeid med Fantastiske Osberget i forbindelse med etableringa av den nye heimesida. Det har vore ein svært lærerik og effektiv prosess der vi har fått full friheit til å påvirke det endelige resultatet. Fantastiske Osberget har under heile prosjeketet vore ryddige, strukturerte og åpne, noko som har gjort det enkelt for oss å beregne kostnadar å ta stilling til valg undervegs i prosessen. Vi ønsker å takke Fantastiske Osberget, for det flotte resultatet som vi er veldig stolte av.

Kim Lillebø, Marketing Manager

Libra

Libra har i over 60 år vore ein viktig leverandør til den maritime industrien med heile verda som marknad. Skipsdører av ulike slag har vore det primære satsingsområde, og selskapet er verdsleiande innan dette segmentet. Libra leverer til alle typer fartøy med eit komplett utval av IMO-kompatible, hengslede, eksterne og interne skottdører laga av stål, aluminium eller komposittmaterialer.

libra-plast-as-mobile-steps
libra-plast-basket
Gå til toppen