Reiselivsatsing på nett

Ulstein Næringsforum

Ulstein Næringsforum ønska å gjere turmål og aktivitetar i Ulstein synleg og tilgjengeleg for både besøkande og dei som bur i området. Resultatet vart konseptet Visit Ulstein der satsinga i første omgang er ei nettside med opplevingar og nyttig informasjon.

Vi fekk vere med i startgropa av prosjektet der Tegneren har stått for logo og grafisk profil, fotograf Per Eide med bilete av Ulstein og omegn, og Osberget utvikling og design av nettsider. Det har vore eit tverrfagleg og tett samarbeid mellom aktørane der ein har jobba parallellt med både uttrykk, funksjon og innhald. Brukargrensesnittet for nettsidene skal gjere det lett å navigere, med opplevingar kategorisert etter tema. Det er også nytta kryssreferanser fleire stadar for å gjere innhaldet lett tilgjengeleg. Store bilete og segmentering av innhald har også vore viktig å ta hensyn til og er tilpassa utifrå kva som skal presenterast.

Det har vore eit spennande prosjekt å få ta del i, og vi meiner Visit Ulstein har vorte ein innbydande portal for kommunen.

Sjekk nettsidene til visitulstein.no

Fantastiske Osberget har vore ein solid samarbeidspartnar i arbeidet med å realisere nettsidene til Visit Ulstein. Summen av god oppfølging, interesse for prosjektet, tilstedeværelse, fagkunnskap og estetisk teft er eit fabelaktig produkt vi er svært stolte av.

Anna Klara Måseide

Ulstein Næringsforum
Gå til toppen