Skjerminnhold til “Bygg Reis Deg”-messe for verktøyleverandør

Luna Group

Luna Group er Nordens leiande leverandør av verktøy og forbruksmateriell til industri og byggfaghandelen. Dei tilbyr eit bredt sortiment for profesjonelle i byggebransjen med over 50 000 produkt frå 500 varemerker.

Då Luna Group skulle delta på Bygg Reis Deg, fekk vi i oppdrag å sette saman to filmar av produkt som skulle fremjast på messa; ein om LunaTools sortiment av handverktøy, verktøysikring og elektroverktøytilbehør, og ein annan om Mareld arbeidslys. Desse skulle vekke merksemd hos bransjefolk på messa og trekke dei til standen. Vi laga også pausebilde som blei vist mellom filmane. Desse skulle informere om forhandlarar, om kva som gjekk føre seg på sjølve standen, reklamere for Luna Group sitt nyheitsbrev og deira stolte historie. Filmane blei klippa til og sett saman ved hjelp av grovklipp vi fekk tilsendt av Luna Group frå tidlegere kampanjar og Youtube-videoar. Saman med ny fengande tekst og kraftfull musikk fekk vi fram fordelane og dei unike sidene av produkta som Luna Group leeverer og satte fokus på produktnyheiter som skulle visast fram på messa.

Vi takkar for spennande oppdrag!