Skulekatalog for reiseskulen

Ålesund Folkehøgskole

Ålesund Folkehøgskole held til i Ålesund, og er ein folkehøgskule med plass til om lag 120 elevar. På Ålesund Folkehøgskole kan ein velge blant 9 linjer og over 50 valfag, slik at ein kan skape sitt eige drømmeår. Skulen har konseptet “Reiseskulen”, og eit år på Ålesund Folkehøgskule skal vere ei reise for livet.

For årets skulekatalog ønska Ålesund Folkehøgskule å lage ein katalog som likna meir på eit magasin, og som var såpass fin at ein kunne ha det liggande på stovebordet. I godt samarbeid med skulen har vi difor designa eit minimalistisk og stilreint “skulemagasin” der dei flotte bilda frå skulen og studieturane kjem til sin rett.

Vi takkar for eit supert samarbeid, og ønsker masse lykke til med opptaket til våren!