Teknologiskulen i Ulstein

Høgskulen i Volda / Ulstein Kommune

Teknologiskulen i Ulstein er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og Ulstein kommune og er blitt ein suksess.

Til SETT-dagene på Lillestrøm i slutten av november 2019 laga vi ulikt standmateriale: messevegg, rollup og powerpoint. I tillegg laga vi logo som blei nytta på t-skjorte. Messa skriv om messa på sine nettsider: ” SETT NORGE er møteplassen for ALLE i skoleverdenen! Delta i noen av årets spennende Masterclassaktiviteter, mingle med dine kollegaer i bransjen på årets TeachMeet, og få nye kontakter på utstillingsområdet. Om du er lærer, skoleleder, barnehagelærer eller pedagog er dette det perfekte stedet for ny inspirasjon!

Videoen er eit eige prosjekt og laga av Ulstein kommune.

Standen og oppsettet vart veldig fint og vi fekk ganske mykje besøk på standen. Eg ser at det som var interessant for folk å sjå, var powerpoint- presentasjonen med film. Dei kika på filmen og vi fortalde korleis vi arbeidde med teknologi i skulen.

Karen Strand

Ulstein kommune

På SETT-konferansen i år hadde Ulstein kommune stand saman med Høgskulen i Volda. Vi ville vise fram det vellykka samarbeidet om etterutdanning av lærarar og kva resultat det har gitt. Det var fleire som var innom standen for å høyre om korleis vi har arbeidd med prosjektet Teknologiskulen Ulstein og kva som er resultata av dette i klasseromma.

Les meir om samarbeidet på nettsidene til Ulstein kommune.

Fleire prosjekt

Gå til toppen