Ulstein kyrkje – eit ankerfeste i tida

Ulstein Sokn

Ulstein har vore kyrkjestad sidan 1100-talet. Den gamle brann ned i 1848 og ny kyrkje blei bygd. Ulstein kyrkje er ei lafta, åttekanta tømmerkyrkje teikna av sokneprest Hans Nicolay Wraamann.

Vi har utarbeidd ei informasjonsbrosjyre som rettar merksemd mot det vakre inventaret og alle skattane der fleire er mange hundre år gamle. Alle foto av Cecilie Hatløy.

Johan Haddal måla i 1917 interiøret i kyrkja og dei vakre takmåleria av englar og Jesus. Taket i koret har dei tre evangelistane i kvart hjørne. Lutherrosa er blanda inn som motiv saman med klassisk, norsk rosemålingskunst.

Utdrag frå brosjyra

Ulstein Sokn
Gå til toppen