Ulstein veks fram

Asle Geir Widnes Johansen
490,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
Gratis
Velg antal

Ulstein veks fram fortel om små og større hendingar her hjå oss frå 1800 talet og fram til vår tid. Vi som lever no har mykje til felles, det mest klåre er at vi kjenner takksemd til alle menneska før oss som gjennom heile livet arbeidde for å skape tryggleik og framtidsvon for menneska rundt seg.

Gratis frakt.

Vår felles historie inneheld mange døme på menneske som tok fram i og gjekk føre, starta eit lag, ein organisasjon, ei foreining, ei verksemd, eit verft, ein bank, ein skule der menneska kunne utfolde seg og delta i vekst og utvikling.

Det er skrive mange bøker om bedrifter, bankar, lag og organisjonar og særmerkte menneske sin innsats, men ikkje om kva kommuna og andre offentlege organ gjorde i denne tida. Kan det vere slik at framsynte tilsette og leiarar i Ulstein kommune sto for ei stødig oppfylging og tilrettelegging som var i forkant for å påverke utviklinga og såleis la grunnlag for framhaldande vekst i tider der politikarar kom og gjekk, og der næringslivet vårt kjempa i svingande marknadar?

Ulstein veks fram er ei viktig bok for å forklare utviklinga som har vore i Ulstein. Det er ei bok på heile 672 sider og rikt illustrert med bilde.

Forfattar er Asle Geir Widnes Johansen.