Tenester

Logo og visuell profil

Den visuelle identiteten er ein viktig del av merkevarebygginga. Den skal visualisere alt di bedrift står for. Den visuelle identiteten er bedrifta sitt ansikt utad, og består av logo, symbol/ikon, designelement, fargar, typografi, fotostil, samt reglar for bruk av elementa. Vidare vert den visuelle identiteten implementert på nettsider, brosjyrer, visittkort, e-postsignatur, messestand og anna marknadsmateriell. Ein god visuell identitet er forankra i bedrifta sine verdiar. Den lettar marknadsføringa av bedrifta, og gjer at du skil deg frå konkurrentane. Saman finn vi ditt uttrykk!

logo og visuell profilering
fantastiske osberget animasjon

Logo

Logoen er det viktigaste kjennemerket til ei bedrift og har som formål at kundar og andre skal kjenne att bedrifta. Ein logo består som oftast av eit namnetrekk, eit logosymbol eller ein kombinasjon av dette. Utforminga av logoen til bedrifta er kanskje det viktigaste profilarbeidet ein gjer! Logoen skal nemleg både fungere godt åleine og vere mogleg å kjenne att sjølv utan støttande profilelement som tilleggsfargar, skrifttypar og designelement.

Visuell identitet

Den visuelle identiteten fortel omverda kven du er. Uttrykket er forankra i di historie og skal vise tilhøyrsel til bransjen du opererer i. Vi skaper tidsriktige, heilskapelege visuelle identitetar som kommuniserer profesjonalitet og bygger truverd hos kundane.

Profilhandbok

Etter at den visuelle identiteten er ferdig utforma vert reglar for bruken av denne samla i ei profilhandbok. Omfanget til ei profilhandbok vil variere veldig etter behovet til bedrifta, men innheld som regel logovariantar og reglar for bruk av logo, fargar med fargekoder, reglar for bruk av typografi, designelement, samt diverse malar som brevmal, visittkort, PowerPoint, annonsar, stand, osb.

Prat med oss!
Synne Øye Myrvold
Grafisk designar
Hildegunn Welle
AD / Kreativ leiar