Tenester

Strategi og rådgjeving

Finn ut kva tiltak som må iverksetjast for å nå dine mål. Vi avdekker kva faktorar som styrker din posisjon. Ein god strategi hjelper verksemda å halde fokus på det som er viktig. Produktet blir eit dynamisk hjelpedokument som legg til rette for meir effektiv gjennomføring av tilknytta arbeidsoppgåver.

bilde av Stine A og Stine J hos fantastiske osberget i arbeidssituasjon om strategi

Digital strategi

Digital strategi hjelper di verksemd å tenkje meir digitalt. Vi viser deg korleis du kan ta i bruk dine kanalar, og skape gode synergieffekter som når flest mogleg i di målgruppe, med din bodskap. Strategien inneber målsetting, ressursbruk, innhald og mange fleire faktorar som har som formål å hjelpe di verksemd nå sitt digitale potensiale.

SoMe-strategi

Ein strategi for sosiale medium fortel deg kvar du bør vere, kven du bør snakke med, og korleis du bør snakke med dei. Med utgangspunkt i di verksemd og dine produkt, finn vi den beste strategiske tilnærminga for deg. Strategien inneber malar og publiseringsplanar med høg nedslagskraft.

Kommunikasjonsstrategi

Nå ut med rett bodskap til dei rette målgruppene i dei rette kanalane. Vi hjelper deg utarbeide ein kommunikasjonsstrategi som styrkar di merkevare og dine kundeforhold. Vi analyserer dagens situasjon, og finn ut kva tiltak, mål og delmål som vil ta di verksemd til ein meir ideell posisjon.

Merkevarebygging

Styrk din posisjon. Saman gir vi energi og substans til di verksemd og dine produkt, og utviklar ein merkevare som gir høg verdi for kundar, interessentar og marknaden generelt. Vi skaper truverd gjennom dine verdiar, og formidlar di historie og merkevare til omverda.

Innhald

Vi produserer innhald basert på dine mål, tilpassa di målgruppe, i alle format. Innhaldsproduksjon kan du lese meir om her.

Driftsavtale

Vi tilbyr driftsavtalar som sikrar aktivitet i dine sosiale medium, og som sørgjer for at dine annonser køyrer som dei skal, og vert forbetra kontinuerlig. Desse kan du lese meir om her.

Prat med oss!
Synne Øye Myrvold
Grafisk designar
Hildegunn Welle
AD / Kreativ leiar