Bli kjent med Anette

Anette Hovland hobby
av Fantastiske Osberget
17. august, 2022

Anette kom inn som ein stilsterk designar, fotograf og filmskapar – men vi har også fått oss ein teknisk nerd på teamet. Ho vil gjerne røske opp i gamle vanar og trøtte Excel-ark, og introdusere oss til det siste nye av det nyaste nye på alle frontar. Spennande!

Ho er ei blid og hyggeleg dame som alltid har eit smil på lur – sjølv om ho trivast aller best bak eit kamera. Elles likar ho å gjere mest mogleg forskjellig i løpet av ein arbeidsdag, for då vert det aldri kjedeleg!

Anette starta med Medier og Kommunikasjon på Videregåande før ho tok bachelor i Multimedieteknologi og -design på Universitetet i Agder. Medan ho studerte jobba ho i bokhandel i Grimstad. Derifrå gjekk turen vidare til Tørris Bonnevie som selde fargeblyantar og utstyr til bokhandlar rundt omkring i Noreg. Dei siste 8 åra har ho hatt hos Tendenz, som leverer frisørutstyr og hårpleieprodukt. Der jobba ho med alt frå design og marknadsføring til fotografering, videoproduksjon og web. Anette har lang erfaring med B2B marknadsføring, som gir god innsikt i kva som er effektivt når ein skal nå ut til andre bedrifter.

I Fantastiske Osberget jobbar Anette med både grafisk design og digitalt innhald, samt film, fotografering og videoredigering. Særleg lidenskap har ho for det visuelle uttrykket. Det er gjennom bilde ein fortel dei gode historiene, seier ho. Miljøbilde og portrett av dei tilsette gir eit betre og meir autentisk inntrykk av verksemda. Der ein kanskje berre har nokre få sekund på å fanga merksemda til kunden er det viktig med gode, ekte bilde som viser kva som er unikt med bedrifta. Video er òg ein veldig viktig del av dagens marknadsføring. Det er noko som kan skape verkeleg engasjement på ein veldig enkel og kortfatta måte.

Tilfeldige fakta

  • Anette er ein stor kaffidrikkar, og skal helst ha den så mørk som i det heile er mogleg. 4-dobbel espresso er ein heilt perfekt kopp kaffi.
  • Ho elskar å lage mat – gjerne frå andre deler av verda for å få oppleve nye spennande smakar
  • Anette likar seg godt opp i høgda, og aller helst i ein klatrevegg.
  • Anette har alltid ønska seg slange som kjæledyr.
  • Og ho heklar – då gjerne små dyr eller figurar.

Fantastiske prosjekt Anette har jobba med dei siste åra

  • Tendenz Academy – Innhaldsproduksjon og design av e-læringsplattform for frisørar som har vorte svært godt mottatt i marknaden. Dette innebar mellom anna filming og redigering av nye og eksisterande kurs rundt omring i landet.
  • RAV kaffibar – design av komplett logo & visuell profil for kaffibaren.
  • Kampanje med lansering av ny fargeserie for Joico – her leverte ho videoannonse med produktopplæringskurs der ho sto for filming, redigering og også sjølve annonseringa i sosiale mediekanalar.
  • Skjermmateriell og fotografering av årleg konferanse. Her har ho produsert anslagsfilm som med programpresentasjon, samt pause-vignettar. Og fotografert opptredenar samt tatt portrett av modellane som vart viste på scena.

 

Anette Hovland som barn

Gå til toppen