Bli kjent med Lena

Lena Johnsen hos fantastiske osberget
av Fantastiske Osberget
25. juni, 2021

Lena er administrasjonen i Fantastiske Osberget i eigen høge person. Stillingstittelen controller har ho fordi ho er så kontrollerande og blandar seg inn i absolutt alt. Lena er rett og slett ei kontordronning som har stålkontroll på alt av økonomi, administrative oppgåver, budsjett, prising, fakturering, fristar og regelverk. Lena har vore med på å sikre god drift i Fantastiske Osberget i ni år og sørgjer for at vi er ein stabil leverandør som du kan stole på!

Lena har nokre år på teikning, form og farge på CV-en som ikkje har vore så relevante og nyttige i dei tidlegare stillingane ho har hatt, men her kjem det godt med. Plutseleg kan ho finne på at ho skal briljere med litt fargelære! Lena har også teke eit år med psykologi på NTNU, før ho tok kontoraadministrasjon med rekneskap på fagskule.

Tidlegare jobba Lena som finanskonsulent og kredittkonsulent for Mirror Accounting og Lindorff i Oslo. Deretter hadde ho eit år i Ørsta kommune som vikarierande helsesekretær, der ho fekk vege små, søte babyar, føre lønn, jobbe i arkivet og halde kurs i Office. I tillegg er det verdt å nemne at ho har jobba som svele- og kaffikonsulent på BF «Solnør» og bolle- og kaffikonsulent for Statoil ein gong i tida. Dette gav fantastisk god lærdom i kundeservice og stå-på-haldning. Ein treng ikkje smilekurs etter nokre år bak ein disk, om du spør Lena!

Tilfeldige fakta

  • Lena elskar å spele rollespel, oftast på PC. Den første arketypen ho prøvde var «den dumme men sterke barbaren som susar inn døra og peiva blindt med eit sverd». Denne mentaliteten meiner ho har sett djupe spor og ført til at ho blei ein som berre ramlar inn på nye stader og satsar på at det går bra. I løpet av livet har ho budd på heile 17 adresser i to land, fire landsdelar og tre byar.
  • Lena har også måling som hobby, og mest akryl på lerret. Draumen er å få måle på heile veggar i sitt eige hus ein gong.
  • Ho har ein son på 24 år som tek bachelor i sosiologi på Universitetet i Tromsø. Han er ifølgje henne kanskje den penaste, kulaste og beste personen som har blitt laga nokon gong.
  • Lena har ein katt som heiter Loke, og som eit kjært born heiter han også blant anna Locust, Locutus of Borg og Poke Lokeson, alt etter stemninga. Han er halvt bengali og knurrar på alle som kjem på døra, pluss vinden når han er litt høglydt.
  • Ho elskar koselege skrekkfilmar, mørke eventyr, svarte klede, norrøn folkerock og er stolt av at ho er 1/16 samisk.

Gå til toppen