Få på plass marknadsføringa di før julesesongen startar

Veggkalender A3
av Anette S. Hovland
04. oktober, 2022

I desse dagane kjem julekalenderen ut i butikkane og ny julebrus blir lansert. Vi er samde i at det nok kjennest litt tidleg ut, men det er eit godt teikn på at det er på tide å planlegge for di eiga marknadsføring i julesesongen! Her kjem derfor ei lita liste med tips frå oss om ting du kan førebu, slik at du kan slappe litt meir av når julestria kjem.

Veggkalendere

Kalender for 2023

Har du tenkt på å lage ein flott kalender som du kan gi i gåve til kundane dine? Vi kan hjelpe deg med kalendrar i ulike storleikar og format. Kalenderen kan innehalde tips frå deg til kundane dine, viktige datoar for bransjen din eller fungere som inspirasjon og spele på lag med verdiane dine.

Kalender A4

Innhald til SoMe

Mange ønsker å fylle dei sosiale mediekanalane sine med litt ekstra hyggeleg innhald opp mot jul. No er tida inne for å planlegge dette! Konkurransar, nedteljingar, ord til ettertanke eller inspirasjon som passar for bransjen din. Vi kan hjelpe deg å designe innhald skreddarsydd for deg:

  • Adventskalender
  • Konkurransar
  • Grafikk: Sideheader for jul og nyttår
  • Forhandsproduserte postar for Facebook, Instagram og LinkedIn: God jul, godt nyttår og liknande

Trykket kort

Julekort

Julekort

Julekort og julehelsing

Mange set framleis stor pris på eit trykt julekort i pent papir. Kvifor ikkje få laget eit med eigen profilering på? Eit slikt julekort kan òg enkelt redesignast som ein generell julehelsing frå dykk, og sendast ut digitalt, i SoMe eller på e-post. For ekstra festleg stemning kan vi også animere ei helsing frå dykk – ekstra god mat for SoMe!

Gå til toppen