Case: Vik Ørsta Marina

vik ørsta fantastiske osberget digital marknadsføring og annonsering i sosiale medium
Casen om Vik Ørsta Marina, og korleis meistre den edle kunsten med å selje flytebrygger på internett.
av Fantastiske Osberget
23. februar, 2021

Med over 40 års erfaring i bransjen er Vik Ørsta Marina leverandøren som har levert flest båtplassar i Noreg, og er marknadsleiande på flytebrygger, marinaanlegg og bølgedemparar. Under pandemien bestemte selskapet for å nytte digitale medium i større grad i marknadsføringa. Her kan du lese casen om korleis Fantastiske Osberget gjekk fram då vi tok Vik Ørsta Marina inn i dei digitale kanalane. 

Gjennom vårt samarbeid med Fantastiske Osberget fekk vi erfare kor raske og effektive resultat ein kan få ved å flytte marknadsførings-fokuset over på digitale flater og på sosiale medium. 

Rune Holstad, Avdelingsleder Vik Ørsta Marina 

Ein samkøyrd digital innsats 

Innsatsen tok sikte på å dekkje dei mest grunnleggande og relevante kanalane på ein godkostnadseffektiv måte. Strategien innebar å etablere seg i dei sosiale media Facebook og Instagram, i tillegg til å oppnå ein konkurransedyktig posisjon i søkemotorane til Google.  

 

vik ørsta teknologien bak
Ein kombinasjon av verktøy og kanalar som samarbeider gir ein enorm synergieffekt.

 

Høg brukaraktivitet og eksponering 

Vi oppretta bedrifts-profilar for Vik Ørsta Marina på Facebook og Instagram. Saman med kunden utvikla vi kampanjar som raskt blei iverksett for å skape aktivitet i etableringsfasenKampanjane trefte godt, og det var jamn, høg interesse for innlegga som blei produsert. 

Talet på brukarar som likte sida auka raskt, og vi utnytta framdrifta til å supplere med annonsarFor å finne den beste utforminga av annonsane, gjennomførte vi A/B-testar. Desse testane gir innblikk i korleis forskjellige målgrupper responderer på forskjellig innhald og uttrykk. Når vi fann kva av desse som trefte hovudmålgruppa best, etablerte vi desse som mal for vidare annonsering.

 

vik orsta marina sine facebooksider
Vik Ørsta Marina sine Facebooksider hadde høg aktivitet og vaks raskt frå starten.

 

Auka trafikk på nettsida og i søketreff 

Den andre hovudgreina i arbeidet var å få på plass eit godt system for digital annonsering. Systemet som blei oppretta tok høgde for å inkludere fleire viktige punkt: 

  • Søkeannonsar: annonsar i forbindelse med søk etter kunden sine produkt og tenester 
  • Remarketing: slik annonsane treff folk som allereie hadde vore inne på heimesida til kunden 
  • Annonsevariantar: som dukkar opp på nettaviser og andre stadar enn nettsøk 
  • Rapportering: analysere, forbetre og presentere effekten av annonsane  

 

digital annonsering for vik ørsta av fantastiske osberget
Å nytte forskjellege annonsevariantar er viktig for å nå fleire kundar, på fleire frontar.

 

Kvalitet over kvantitet 

Etter å stadfeste at annonsane dukka opp og fungerte som dei skulle, starta detaljarbeidet. Basert på analysar av annonsane og trafikken på nettsida, spissa vi inn annonsane for å luke ut dei treffa med høgst kundepotensiale. Vi utvikla nye annonsar som blei distribuert til folk som allereie hadde vore på heimesida, men som også oppfylte spesifikke kriterium for korleis dei nytta heimesida.  

Etter grepet blei innført, kunne vi sjå ei auke i kvaliteten på trafikken inn til heimesidaTidsbruken til dei nye besøkande var auka, og brukarane klikka også inn på fleire undersider enn tidlegare. I gjennomsnitt oppsøkte fleire av dei besøkande kontakt-sidene enn tidlegare, og alt i alt viste trafikken til ei auka interesse for produkta som blei annonsert. 

Vi takkar Vik Ørsta Marina for eit godt samarbeid og eit spennande oppdrag! 😊  

Ønskjer du å finne ut meir om korleis digital marknadsføring kan hjelpe deg og di verksemd nå fleire kundar?

Les: Har du råd til å ikkje annonsere?

Gå til toppen