Har du råd til å ikkje annonsere?

Ein kan med få grep skaffe seg kundar og auke sal gjennom digital annonsering.
av Marius Ertesvåg
11. desember, 2020

Å annonsere digitalt er blitt synonymt med den moderne nettsatsinga. I eit landskap der det vert stadig vanskelegare å skilje seg ut, står betalt annonsering for meir og meir av trafikken til nettstadene.

Kva kanalar ein bør operere i, kjem an på kvar kundane oppheld seg. Til dømes er det mange verksemder som sel produkt og tenester berre med annonsering på sosiale medium. Andre verksemder festar lit til annonsering i Google og andre søkjemotorar. Moglegheitene er uendelege.

Trafikk skaper trafikk

For å dukke opp i relevante søk må du klare å skape trafikk. Har du lansert nye nettsider, etablert deg på Facebook, LinkedIn eller Instagram, kan det vere krevjande å skilje seg ut. Annonsering er ein rimeleg og enkel måte å komme i gang med å skape trafikk på. Annonsar gir besøk på sida, og dette sankar vidare relevans-poeng hos søkemotorane. Meir trafikk gir betre rangering i nettsøk, og aukar sjansane for å nå nye kundar.

google-ads-statistikk
Forenkla illustrasjon av korleis ein bygg organisk trafikk gjennom annonsering.

Trygg budsjettstyring

Du kan sjølv velje prisen på annonseringa. Uansett storleik er ein garantert å få treff på annonsane. På denne måten unngår ein sløsing, og slepp å betale store summar for ei vare ein ikkje veit effekten av. Ein kan også velje å bruke meir av budsjettet på prioriterte grupper. Dersom kjernegruppa er kvinner i Rogaland, i aldersgruppa 20-35, kan ein utelukke alle som ikkje møter desse kriteria.

Ryddig, oversiktleg og presist

Å annonsere på nett er ein ryddig, presis prosess. Ein får full oversikt over effekten av annonsane. Oversikta inkluderer kven som har klikka på annonsane (alder, kjønn, interesser mm.), kvar dei er ifrå, når på døgnet annonsane blei vist, samt ei lang rekke andre detaljar som ein kan nytte til å finjustere bodskap og nedslagsfelt.

Marknadsfør deg enno betre med big data

Nyttar ein allereie big data, kan ein skape målgrupper basert på besøksaktivitet på heimesida.

Bruk av big data og sporing av besøksaktivitet på heimesida er ein av dei essensielle komponentane for å sikre meir målretta og kostnadseffektiv marknadsføring.

Les: Marknadsfør deg med big data

Salskampanje eller merkevarebygging?

Når vi høyrer ordet annonsering, tenkjer vi ofte på salskampanjar, produktlanseringar eller andre tilstellingar. Det er ein god strategi å annonsere kampanjar, men det er like viktig å kontinuerleg byggje merkevara si.

Google og Facebook er dei nye kjøpesentera, og annonseutgiftene er husleiga ein betalar for å få kundetrafikk. Kanalane ein vel, kjem an på kvar du vil kundane skal finne deg.

google-ads-fantastiske-osberget-markedsføring
Google Ads viser detaljar som kjønn, aldersgruppe og når på døgnet annonsene er effektive.

Vårt råd: Alle har råd

Nettannonsering er eit fleksibelt tiltak som kan tilpassast både budsjettet ditt og behova dine. Når kundane våre er usikre, hjelper vi dei med å finne dei rette kanalane, den rette bodskapen og den rette målgruppa. Den beste effekten får ein dersom ein aktivt nyttar annonseringa som ein del av ein samla digital innsats.