5 måtar eigne brandfoto kan ta marknadsføringa di til nye høgder

Fotografering av kontorlandskap
Fotografering av ansatte for Alfa Nor | alfanor.no
av Anette S. Hovland
09. september, 2022

Å vere profesjonell, autentisk og truverdig er avgjerande i ei digital verd der førsteinntrykket går kjapt og ein raskt må skilje seg ut. Her er 5 måtar eigne brandfoto kan ta marknadsføringa di til nye høgder

Det er viktig å vise kundane kven de er og kva de kan tilby. Å bruke profesjonelle bilde og videoar på nettside, i sosiale medium, samt både digitale og trykte medium vil auke tilliten til potensielle nye kundar.

1. Skap eit godt førsteinntrykk – «Eit bilde seier meir enn tusen ord»

Med få sekund på å fange merksemda til kunden kan eit godt blikkfang som raskt gir rett inntrykk vere avgjerande. Autentiske bilde vekker følelsar, dei kommuniserer tydeleg bodskapen, og kundane får eit betre inntrykk av produkta eller tenestene de tilbyr. Når kundar leitar etter deg for å løyse eit problem, er nettsida gjerne den første plassen dei går. Å bruke profesjonelle bilde og videoar på nettside, i sosiale medium, samt både digitale og trykte medium vil auke tilliten til potensielle nye kundar.

 

Fantastiske Osberget Fotografering Måsøval location
Bedriftsfotografering for Måsøval | masoval.no
2. Kundane vil sjå kven du er

Er nettsida full av kjøpte bilde frå internett? Sjansen er stor for at det er mange som har brukt nøyaktig dei same bilda. Er det tydeleg nok kva du driv med? Eigne brandfoto kan løfte merkevara på ein ekte og personleg måte. Vis dine tilsette frå si beste side og inviter kunden til å bli betre kjent med kven dei er.

 

Fotografering av ansatte Mulvik
Fotografering av ansatte for Mulvik | mulvik.no
3. Profesjonell marknadsføring

Det er jobben til fotografen å fange det magiske ved kva som gjer nettopp di bedrift spesiell. Bilde av høgare kvalitet som har eit gjennomgåande stilreint uttrykk gir kundar og samarbeidspartnarar eit betre inntrykk av bedrifta. Det skaper meir truverd og det vil leie til meir sal. Bilda blir skreddarsydde for di merkevare, slik at du vil skilje deg ut frå massane på best mogleg vis.

4. Det er ei god investering

I vår digitale kvardag er det mange kontaktpunkt å nå kunden på. Å ha gjennomført branding på tvers av kanalane er heilt nødvendig. Eigne brandfoto har lang levetid og kan tilpassast alle flater. Invester i eit meir profesjonelt og påliteleg uttrykk på tvers av nettsider, katalogar, annonsar og sosiale medium, som er varig og kan byggast vidare på!

Fantastiske Osberget Fotografering Collage kontorlandskap
Fotografering av ansatte for Alfa Nor | alfanor.no
5. Spar tid no og i framtida

Vi kan komme til deg og ta bilde av tilsette, lokale, produkt og situasjonar. Fotografering kan også skje på location, her er det er eit hav av moglegheiter. Vi kan bidra med planlegginga, gjennomføringa, etterarbeid og publisering. Vi kan også lage reglar for fotografering i framtida, slik sikrar du deg mindre administrasjon i lang tid framover.

 

Kontakt oss for å få ein skreddarsydd
pakke som vil passe perfekt til nettopp di bedrift.

 

Fotografering av bedrift på location
Bedriftsfotografering for Mulvik | mulvik.no
Gå til toppen