Overskot i 2020

Tvillingbrørne Åge (t.h.) og Magne Grimstad jr. takkar gode medarbeidarar og lojale kundar for det gode resultatet i 2020.
av Fantastiske Osberget
18. august, 2021

Rekneskapstala for 2020 er for dei fleste bedrifter og organisasjonar i desse dagar klar. Det kreative fellesskapet Fantastiske Osberget (Fantastiske Osberget AS og Osberget AS) hadde i 2020 ei omsetning på vel 7,8 million kroner og eit overskot på 0,65 million kroner.

– Vi har dei siste åra vore flinkare til å fokusere på våre kjerneområde, seier Åge og Magne Grimstad, som ein av årsakene til det gode resultatet. I tillegg har vi dyktige tilsette som står på kvar dag til det beste for kundane.

Imponerande resultat

Resultatet er imponerande med tanke på at landet stengte ned fredag 12. mars i 2020 og verda og Noreg måtte forhalde seg til handtering av koronaviruset. Fantastiske Osberget tok umiddelbare grep der selskapa justerte kostnadane og fekk god kontroll på utgiftene. – Vi har i løpet av fleire år opparbeid ein stor kundeportefølje og desse har vore lojale mot oss i denne unntakstida, seier Åge Grimstad.

Ser fram i oppgangstider

– Vi trur marknaden vil ta seg opp no når landet gradvis opnar opp, seier Magne Grimstad jr. Vi ser positive tendensar i næringslivet der fleire aktørar søker etter fleire folk. Det er tendensar til oppgangstider etter mange år med nedgangstider. – Og denne oppgangen skal vi vere med på, seier Åge Grimstad med eit smil.

Fantastiske Osberget har kontor i Ulsteinvik og Oslo, i tillegg til ei utviklingsavdeling i Riga, Latvia.

Du kan lese pressemeldinga på nettsidene til Vikebladet.no 

Gå til toppen